Evenement: ØYVIND JAZZFORUM

Øyvind Jazzforum er tilbake. By popular demand.

Øyvind Jazzforum starta som ein konsertserie for eksperimentell musikk i Bergen i 2006. Som seg hør eg bør voks konseptet seg meir og meir ut av alle proporsjonar, og etter forrige tilstelning – Øyvind Jazzforum Extravaganza i september 2007 – lova eg meg sjølv at det fekk det vere nok. Einaste grunnen til at eg skulle orke å gjere det igjen måtte vere om det blei enda større, og enda betre. Det er såleis med glede eg presenterer det beste Øyvind Jazzforum-arrangementet til no!

 

MONOMONO (S)

::: For ein gongs skyld eit poesi/musikk-konsept som fungerer :::

Lars Carlsson (elektronikk, perkusjon) og Fredrik Nyberg (opplesning) er monomono. Under GAS-festivalen i Gøteborg i fjor, blei dei fleste som hadde den uflaks å bli plassert på scenen i foajèen i staden for ei av dei andre scenen, umiddelbart overdøvd av den overfylte gangen – folk var meir opptatt av å drikke og skråle enn å lytte. Dette var fram til monomono starta settet sitt.

Med delikat lydbehandling og effektive og særdelse kreative grep, sette Carlsson stemninga for Nyberg sine treffande tekstar, og fanga publikums merksemd i eit format der dei fleste feilar. Deira Nordic Neverending Extended Tour stoppar no for første gong i Bergen.

Meir info: monomono.se

 

CHRIS CORSANO (US)

::: Bjørk sin trommeslager med unikt solokonsept :::

Amerikanske Chris Corsano (f. 1975) har dukka opp som ein komet i jazzverda, som ein av dei mest nyskapande og aktive perkusjonistane i nyare tid. Bidraget hans på Bjørk si siste plate Volta og den påfølgande turnèen har ikkje gjort noko for å legge ein dempar på entusiasmen. Atter andre samarbeidspartnarar inkluderer Thurston Moore, Jim O’Rourke, Paul Flaherty, Mick Flower og kultindiebandet Sunburned Hand of the Man.

“The most riotosly energetic and creative drummer in contemporary free jazz. Corsano’s sudden shifts of texture and dynamics are a wonder to behold.” – The Wire

Meir info: www.yod.com/hatedmusic.html

 

BLOKK 5

::: Fengande, pur ærleg indierock frå Vestfold :::

Blokk 5 er eit av dei banda som aldri gir opp, som jobbar seg gjennom den eine fasen etter den andre for å finne fram til den magiske formelen. Åtte år og 57 konsertar seinare har arbeidet betalt seg for vennegjengen: “Scandals and Animals”, på dbut Records, er ein lytte-fest bygd opp av kombinasjonen sinnsjukt fengande refreng og kreative arrangement, med referanser til støymusikk og moderne jazz. Plata vart då også kåra til Ukas Urørt på NRK P3.

Då bandet består av nokre av dei mest ettertrakta musikarane i Oslo (Ingrid Olava, Solveig Slettahjell osb) seier det seg nesten sjølv at kvaliteten på konsertane er svært høg, og det levert med enorm energi! Garantert ein positiv overraskelse.

Meir info: blokk5.com